*

16.8.06

Ole Idar Kvelvane: the remix

Det er utrolig hva man fanger opp i slow motion. F.eks la jeg aldri merke til alle disse skjulte beskjedene i Ole Idar Kvelvanes artikkel i Dagbladet første gang jeg leste den. Jeg har uthevet dem. Ta en titt. Altså, en gang til, i sakte gjengivelse. Take it away, Ole Idar:
Med interesse har eg følgt sommarens kåring av dei beste skjønnlitterære bøkene her i landet, eller skulle eg seie kjønnlitterære? Det ante meg på førehand, og då dei endelege listene var klare, fekk eg det stadfesta: Menn skriv betre bøker enn kvinner. (...) Personleg synst eg at seks kvinner på denne lista er i meste laget. Då relativt ukjente Trude Marstein dukka opp på 24. plass begynte eg å lure på kva slags liste dette skulle bli.

(...)

EG SKRIV IKKJE dette for å komme ut av skapet som misogynist. Eg har også noko å melde. (...) difor spør eg meg: Kvifor får så mange kvinner gi ut bøker, når menn vitterleg er betre forfattarar, som har større moglegheiter for å nå eit større publikum?

Eg ønskjer ikkje på nokon måte å sverte kvinnelige forfattarar. Dei aller fleste forfattarar er vel heilt gjennomsnittlege og stort sett ukjente for folk flest, anten dei er kvinner eller menn, men dei forfattarane som er best likt av folket og fagjuryen er i hovudsak menn, og det håper eg forlaga har fått med seg. Etter mi meining bør dei bli meir restriktive med å gi ut kvinnelege debutantar. På den måten vil fleire mannlege forfattartalent sleppe til; talent som i dag r det eine refusjonsbrevet etter det andre.

(...)

Men at dei finst der, dei skrivande genia, det er eg viss på. Ein må bare sjå godt etter.

AT MENN ER betre forfattarar enn kvinner, er noko eg har visst ganske lenge. Eg kan på ståande fot rekne opp eit dusin svært gode mannlege norske forfattarar, nålevande og daude, men eg kan ikkje komme på ein einaste kvinneleg forfattar som eg faktisk har lest. Kvifor har eg ikkje lest Undset, Collett eller Skram (eg kjem diverre ikkje på nokre samtidige kvinnelege forfattarar av same kaliber)? Kvifor blir ikkje deira bøker dytta på meg slik som er tilfelle med dei beste verka til Mykle og Bjørneboe, eller Saabye Christensen eller Ambjørnsen for den saks skuld. Svaret er enkelt: Fordi dei ikkje er like gode.

Det interessante spørsmålet er ikkje om det er slik, for det er det, men kvifor det er slik. Eg trur det har med noko så enkelt som blikk å gjere, måten å sjå verda på. Sjølv etter tretti år med likestilling blir jentungar framleis oppdratt til å sjå på verda med eit passivt blikk, eit blikk som ikkje skal sjå, men bli sett. Difor lærer dei seg å pynte seg og gjere seg til for mannsblikket, slik at dei når tida kjem skal få ein make å formere seg med. Det ligg i kulturen. Det ligg i gena.

Gutungar blir oppdratt til å sjå aktivt, og då helst på det andre kjønnet. Og å sjå er kanskje den viktigaste eigenskapen ein må ha for å vere forfattar og kunstnar i det heile teke. Det slår meg i møte med kvinnelege forfattarar sine tekstar. Det er som om tekstane deira skrik: Er det nokon som ser meg nå, kor godt eg skriv? Og dette blir det ikkje god litteratur av. Den beste litteraturen er heilt fri, den har eit aktivt og grådig blikk. Menn har det, og difor er det dei som står bak storparten av dei siste tjuefem åras beste norske litterære verk.

KVIFOR ER det slik? At det maskuline blikket er så avgjerande for romankunsten, og ikkje innanfor poesi, scenekunst, dans, musikk, fotografi og biletkunst der det finst mange framifrå kvinnelege aktørar? Eg trur desse kunstformene i langt større grad enn romanen gir rom for kvinnelege kunstnarar til å vise fram kvinna i seg. Det verkar som dei er meir på heimebane der, enn dei er i romanen, som for meg alltid har hatt noko maskulint over seg. Det er nesten som eg ser for meg ein litt stiv, svart dress, bowlerhatt og stokk når eg tenkjer på romanen som form, og i alle fall ingen kjole. Kanskje det er så enkelt?

DÅ EG DEBUTERTE var eg godt vant med å bli refusert gjennom fleire år.

7 Comments:

Anonymous Anonymous said...

Eg er overtydd om at heile denne kronikken er ein slags absurd spøk. Eg håpar i alle fall det.

August 16, 2006 2:51 pm  
Blogger Mikkel said...

Først råber og skriger I om at bøsserne skal anerkendes og blive hørt, og når de så udtaler sig om ting de synes er vigtige, så er det ligsom heller ikke så fedt. Bestem jer, for helvede!

August 16, 2006 10:24 pm  
Blogger Susanne Christensen said...

Temper, Lucy, temper.

Jeg synes denne artikel er meget ... haaaaaa! Comeon.

Icantdothis.

Nope.

No way.

Me? No.

Non! Niet!

August 16, 2006 11:00 pm  
Anonymous Anonymous said...

Blek og beskjeden Frode Grytten-wannabee med bakgrunn fra Norges dårligste liveband (Lano Places) skifter ham og koker over. Kjeder du deg på legekontoret, Ole Idar? Er medisinskapet tomt?

August 17, 2006 8:46 am  
Anonymous Anonymous said...

http://www.dagbladet.no/kultur/2006/08/17/474164.html

HE, HE, HO, HO,HO!

Raga

PS! Som BT sa i sin anmeldelse av Lano Places en gang:
For å si det sånn, dette vil aldri bli noens favorittband.

August 17, 2006 4:48 pm  
Anonymous Anonymous said...

Det er så uuthaldeleg morosamt at han meiner at menn er betre til å skrive fordi dei har eit aktivt og søkande blikk etter damer. Den aktive og grådige damekikinga deira fører rett og slett til at dei blir betre forfattarar! Det er eit så fantastisk implisitt resonnement her at det einaste eg kan kome på av liknande komisk uuthaldelegheit er scena i Dr. Strangelove der den russiske og den amerikanske presidenten snakkar med kvarandre på telefonen. Då overraskar det heller ikkje så mykje at han ikkje heilt klarer å sjå romanen som form, når han altså IKKJE er ein kjole: "det er nesten så eg ser for meg" (dette "nesten" impliserer at blikket hans er litt sløra og han veit ikkje heilt kva han ser?) "ein litt stiv, svart dress".

August 17, 2006 8:06 pm  
Anonymous Anonymous said...

Hehehe, kjempemorsomt! Kom på Bergen RUs høstleir for å se Kvelvanes og Olaug Nilssen i debatt! Sjekk http://storalm.wordpress.com

September 13, 2006 12:38 pm  

<< Home